Natt til måndag kunne ein kjenne eit jordskjelv med styre 3,3 fleire stadar på Vestlandet, melder TV2.

Ifølgje Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk inntraff jordskjelvet i Voss klokka 04.21.

EMSC skriv på sine nettsider at skjelvet skjedde 22 kilometer frå Voss.

– Mange har følt ristingar i regionen. Skjelvet hadde ein styrke på 3,2, melder jordskjelv.no.

Jordskjelv.no skriv også på sine nettsider at det skal ha vore eit jordskjelv mellom Sogn og Møre region søndag 28. april klokka 16:19:53 norsk tid. Dette hadde ein styrke på 1,3. Denne målinga er basert på NORSAR sine automatiske registreringar.